KULTURSTIEN PÅ VINNES

Kulturstien på Vinnes er laga av geolog Arne Dalland, med god hjelp frå andre kulturinteresserte i bygda, samt Fusa kulturminnelag. Stien vart sett opp kring 1996, men er sjølvsagt like aktuell i dag! Våren 2010 vart heile kulturstien oppdatert, og nylaga postar har erstatta dei gamle.

Kulturstien syner viktige naturhistoriske og kulturhistoriske stader i bygda. Postane i stien spenner frå å visa gravminne frå bronsealder, til å fortelja om utflyttinga frå fellestuna i starten av 1900-talet. Kulturstien følgjer både stiar, mindre vegar og hovudveg, og er ein rundtur på ca. 1 1/2 time. Stien er lett tilgjengeleg, enten frå båthamna ved Vinnesholmen, eller frå hovudvegen gjennom Vinnes-bygda.

Her kan du sjå eit kart over kulturstien på Vinnes.
Du kan lasta ned sjølve løypekartet for kulturstien.

Her kan du sjå ein oversikt over alle registrerte fornminne på Vinnes.

Litt om Vinnes-bygda

Bygda Vinnes ligg i Fusa kommune i Hordaland, på austsida av Bjørnafjorden. Bygda har kring 250 innbyggjarar. Vinnes ligg kring 1 times kjøring frå Bergen sentrum. Her kan du sjå kart over Vinnes.

Tips andre om kulturløypa

Vil du tipsa nokon om denne sida?
Det kan du f.eks. gjera via Facebook:
Del

Tvittrar du? Då kan du tweete sida her:
twitter

 

 

Om du brukar noko av innhaldet på sidene, set eg pris på ei lenkje inn til sida som takk.
Om du treng grafikk, kan du få dette i vektorformat ved å senda meg ein epost.
2010 © Kjersti Dalland

bottom kultursti vinnes