Bautastein

bautastein vinnes skagenDette er den einaste som er att av 4-5 bautasteinar som stod i nærleiken. Bautasteinen stod tidlegare nokre meter til venstre, der det vart bygt eit hus. Steinen låg lenge på bakken attmed huset, kløyvd på langs, men er no restaurert og sett oppatt. I dette området var det 15-20 gravrøyser av ulik form og storleik, men alle er fjerna. Morelltreet like til høgre for bautaen er planta på restane av ein gravhaug.

I 1829 laga N. Hertzberg ein akvarell som syner området sett mot NV, der ein ser bautasteinane, ein del lave gravhaugar og små potetåkrar innimellom. Skissa nedunder er ein litt forenkla kopi av denne akvarellen.

Bauta Vinnesholmen akvarell Hertzberg

bottom kultursti vinnes