Dallandstunet

Utskiftinga var ein føresetnad for eit meir moderne, rasjonelt jordbruk. I dei gamle fellestuna var det eit svært tett samkvem mellom menneska, noko som sikkert medførte både fordeler og ulemper. Samarbeidsformer innan gardsbruket utvikla gjennom generasjonar i fellestunet gjekk or bruk etter utskiftinga, den einskilde bonden vart meir uavhengig av andre. Slik vart tunet på Dalland skifta i år 1918: Utskiftinga i 1918


Slik såg det ut på tunet på Dalland før dei fire bruka vart skifta ut og klyngjetunet vart delt i fire gardstun:Dalland klyngjetun

Den første busetnaden på Dalland:

Strandlinje Dalland istidBusetnaden på Dalland starta på den flate terrassen som vart danna heilt i slutten av istida, for ca. 10 000 år sidan. Terrassen vart danna over eit kort tidsrom av ei elv som følgde austkanten av ein brearm som kom ut Fusafjorden.

Breen stengde for utløpet vest for Skåtåsen. Elva drenerte breområdet fleire mil nordaustover, og heile vass-føringa, som sommarstid må ha vore svært stor, kom fossande ut dalen og førde med seg stein og grus som bygde terrassen og forma dalen til ein typisk V-dal.

Terrassen markerer havnivået den gongen, som då var 72 meter høgare enn i dag.

Funn avsteinreiskapar syner at det var folk på Dalland alt i steinalderen, men dei var knapt fastbuande

Kanskje var det slik det såg ut på Dalland for rundt 10 000 år sidan?Dalland for 10 000 år sidan

 


bottom kultursti vinnes