Vollena/Stengsland - gravkiste av store steinheller

Gammal grav Vollena Vinnes Grava ligg ved den gamle stien mellom Vinnes og Dalland, ikkje langt frå skålgropene i Mattisbrekko, og heller ikkje langt Stengsland der det truleg låg ein gard før svartedauden. Grava er truleg 1600-2000 år gammal.

Me ser ikkje teikn til at det har vore haug av stein eller torv over grava, men ein slik haug kan ha blitt fjerna og brukt til å laga steingjerde og murar som det tidlegare viste restar av like bortanfor grava.

Det har nok vore ei stor helle eller to som lok over grava, men ho låg open slik som no alt i 1824 då Eidsvollsmannen W.F.K. Christie var her og teikna ho.

Bautastein Vollena Vinnes

Christie teikna også to bautasteinar frå Stengsland. Den eine stod i følgje Stuwitz (1838) nær tunet på den nedlagde Stengslandgarden (på den andre sida av Dallandsvegen). Den andre har truleg stått nærare denne grava, utan at me kjenner sikkert plasseringa. Dette er den største bautasteinen frå Stengsland, etter Christie sine teikningar. Steinen var stor, 2,65 m høg, 1,20 m brei og omlag 30 cm tjukk. Vekta må ha vore bortimot 2 1/2 tonn!

bottom kultursti vinnes