Varmaholo - bergbilete av skip

Helleristningane er frå yngre bronsealder, for omlag 3000 år sidan. Dei syner stiliserte skipsfigurar. Mannskapet er teikna som loddrette strekar i båtane.

Mange helleristningsfelt ligg langs naturlege ferdslevegar, enten til lands eller til sjøs. Dei finst òg nær gardane, ved åkerland og beiteland. Kanskje samla folk i eldre tider buskapen sin på denne lune staden? Truleg har staden vore heilag for folka som budde i nærleiken. Figurane vart nok ikkje hogne inn i berget for moro skuld, men bileta hadde nær tilknyting til religiøse og magiske førestellingar for å sikra grøde og vokster for bronsealderfolka.

Her ser vi biletet som Historisk Museum i Bergen har teke av bergbileta: Helleristingar, bergbilete frå Vinnes

Slik ser bergbileta ut i dag. Dei raude linjene er lagt til ved å manipulera biletet. Det nederste biletet viser skipet slik det ser ut på berget, slett ikkje så lett å få auge på!

helleristing vikingskip Vinnes Fusa fargelagt

helleristing vikingskip Vinnes Fusa

bottom kultursti vinnes