skålgroper frå Vinnes, Historisk Museum BergenSkålgroper er mellom dei mest vanlege formene av helleristningar eller bergbilete. Langs den gamle stien mellom Vinnes og Dalland finst ein del skålgroper i berget like ved vegen. Frå Vinnes kjenner me to andre funn av skålgroper, berre i store steinheller. Den eine av desse er på Historisk Museum i Bergen, den andre ligg i ein mur i tunet på denne garden. Skålgroper vart laga gjennom eit langt tidsrom, så dei kan vera vanskelege å datera dersom dei ikkje førekjem saman med andre bergbilete. Dei var nok knytte til religiøse førestellingar og seremoniar. Det er sannsynleg at dei var i bruk under offerhandlingar som skulle sikra vokster og grøde.Skålgroper offergroper Vinnes
Bilete av skålgropene i berget langs den gamle vegen frå Vinnes til Dalland.

Mattisbrekko

Kjem av namnet Mattis (Mathias). Mattis kan ha ått eit jordstykke her, eller namnet hans kan ha blitt knytt til staden av ei spesiell hending. I bygdesoga finn me berre ein aktuell person: Mathias Mathiasson Dalland (1669-1742). Han var fødd på garden Skote, gift med Marta Hansdotter Vindenes, og han flytta til Dalland, seinare til Skjørsand. I 1701 fekk han eit barn med Ane, syster til kona. I kyrkjeboka står det: "Mattis Mattisen syndet med Ane Hansdatter". Kanskje fekk staden namnet etter Mattisbrekko fordi det var her synda gjekk føre seg?

bottom kultursti vinnes