Munkarøyso på Vinnesholmen:

Gravrøys ("Munkarøyso")

Gravrøysa er lagt slik til i landskapet at ho var synleg for fersla langs sjøvegen. Denne gravskikken var vanleg heilt frå eldre bronsealder til vikingtida. Det er vanskeleg å tidfesta gravrøysene nærare, når vi ikkje har funn frå sjølve grava. Slike kystrøyser er eit markant særdrag i kulturlandskapet. Folketradisjonen har ofte knytt namnet munkerøyser til dei. Men med munkar har dei ingenting å gjera, for kystrøysene er mykje eldre enn kristendommen i landet vårt.

P. Stuwitz skreiv om denne røysa i 1838:

Paa nordvestsiden af Vindenæsholmen er en Røs med en opreist Helle paa Toppen, 2 Alen lang, 1 Alen bred, og 3-4 Tommer tyk".

Røysa var nok meir synleg i landskapet i 1838 enn i dag, dels fordi det har vakse til med tre og buskar omkring, men også fordi steinhella og litt av toppen av røysa er fjerna seinare, kanskje av folk som håpa å finna verdigjenstandar nede i røysa.Munkarøysa på Vinnesholmen

bottom kultursti vinnes