Toppen av røysa er fjerna, og ein kan sjå inn i eit gravkammer. Kammeret er heller lite, og den døde må ha vore brunne før gravlegginga. Beina vart samla i ei lita krukke, som vart sett inn i eit slikt gravkammer. Slik var skikken i yngre bronsealder for omlag 3000-2500 år sidan. Den store steinrøysa må likevel ha vore bygd for ei anna grav i eldre bronsealder, for omlag 3500 år sidan. Den første som vart gravlagt her var nok lagt ned i ei stor hellekiste med steinrøys over. Den same røysa kan ha vore nytta fleire gonger, sjølv om berre den vesle kista frå yngre bronsealder er synleg for oss. Vi kjenner ikkje funn frå denne gravrøysa. Gjenstandar kan vera plyndra eller gått i oppløysing for lenge sidan. Berre sjølve gravrøysa fortel historia vidare. Gravrøys frå bronsealder, Vinnes

bottom kultursti vinnes