Rogn/asal på Vinnesholmen

Heile 12 artar av rogneslekta (sorbus) veks vilt her i landet. Under ser du fire artar - i alle fall eit par av desse finn ein på Vinnesholmen. Like ved huset på holmen står ein rognasal - kalla berre asal på Vestlandet, og frå gammalt av ofte henta i utmarka og planta i nærleiken av bustader. Treet har søtare og ikkje så beiske bær som vanleg rogn, og bæra vart nytta om mattilskot.

Dette treet kan vera planta her, og verna mot beitedyr, som elles åt alle småplanter av rogn og andre lauvtre. I dag dominerer vanleg rogn, men sidan denne rognasalen var her først, har frø frå dette treet ført til at det er meir rognasal på holmen enn det som er vanleg elles i utmarka på Vinnes. Bladformene hjelper deg å kjenna att dei ulike artane av Sorbusslekta.


rogn-asal Vinnesholmen

bottom kultursti vinnes