Vetlehagen - buplass frå yngre steinalder

Vetlehagen ligg i Djupvik, ca. tre km søraust for Vinnes, og er difor ikkje ein del av kulturløypa. På grunn av dei mange steinalderfunna her, er dette likevel eit spennande område som fortel mykje om livet for fleire tusen år sidan.

Tilhøva i steinalderen

VetlehagenFor omlag 4000 år sidan gjekk strandlina berre få meter nedanfor buplassen i Vetlehagen (sjå kart). Vetlehagen var då ei lun hamn, og særleg innunder det vestvende berget der må det ha vore lageleg for folk som kom sjøvegen å slå seg til for kortare eller lengre tid. Fisk, skjel og sjøfugl fanst i den grunne vika tett ved, og hjort og anna vilt i skogen ovanfor. Dessutan kan det henda at folka som budde her også heldt husdyr som ku og sau, og kanskje dreiv dei litt jordbruk i tillegg til fangst.

Funn frå buplassen

Eit par steinøkser plukka frå åkrar gav bod om at det truleg fanst ein buplass i Vetlehagen. Seinare undersøkingar viste at det i den øvste del av bakken fanst rikeleg med teikn på at steinaldermenneske har halde til på staden. Forutan fleire slipte steinøkser og meislar, er det funne pilspissar av ulike slag, og kvasse steinstykke som kunne brukast til å skjera kjøt og skrapa skinn med. Mengder av steinavfall viste at ein del av reiskapane vart laga på staden. Det skulle nok lang øving til å laga ein brukbar pilspiss av eit kvarts- eller flintstykke. Restar av keramikk stammar frå kokekar, og pimpsteinsstykke var den tids sandpapir. Kvartskrystallar og runde klumpar av svovelkis må ha vore brukt til pynt, og då som no var det vel kvinnene som mest brukte pynten. Restar av bein- og trereiskapar er borte for lenge sidan, men oske frå eldstaden, iblanda anna organisk avfall, viste som eit tjukt, svart jordlag og markerte utstrekninga av buplassen.

Steinreiskap

SteinreiskapPilspissar frå Vetlehagen: Desse vart laga av ulike steintypar, men steinen måtte vera hard, samstundes som han ikkje kunne vera for sprø, difor vart mykje av pilspissane laga av steinsortar som ofte måtte hentast langvegs frå. Materialet i mange av pilspissane frå Vetlehagen må vera henta frå toppen av fjellet Siggjo på Bømlo. I tillegg var flint eit godt materiale. Flint finst i rikelege mengder i Danmark, men berre ein og annan flintstein kunne finnast langs strendene på Vestlandet, transportert her til med is under slutten av siste istida. Pilspissar av kvarts vart forma ved sliping, medan flintspissane måtte hoggast til (etter teikning av Ulf Gustafson).

Menneska

Leveviset til folka som budde her kan ein seia ein del om ut frå funn på denne og andre liknande buplassar. Men tru, språk, rituale og skikkar veit me så godt som ingen ting om. I kor lange periodar dei budde i Vetlehagen, veit me heller ikkje. Kanskje budde dei lengre ute ved kysten vinterstid, og flytte innover i landet om sommaren. Sikkert er det at dei kom sjøvegen, og det er sannsynleg at dei flytta frå stad til stad etter som tilgangen på vilt, bær, fisk og beite for husdyra veksla. Om buplassen var i bruk gjennom nokre tiår eller gjennom mange hundre år, om det fanst byggverk av tre eller jord, eller folka budde i telt, kan me berre gissa på i dag.

bottom kultursti vinnes