Stengsland - ein gard før svartedauden?

"Der hvor bautaen nu ståer har fordum været en Gaard som hed Stengsland, men den er lagt øde" (Stuwitz 1838).

Bautaen er borte og restar etter garden ser ein ikkje att. I 1838 kunne det kanskje endå skimtast restar av grunnmurar på sletta her. Det er truleg at svartedauden (1349) var årsak til at garden vart avfolka. Andre gardar i nærleiken vart også lagde aude, m.a. minst eit bruk på Dalland, men desse fekk etter kvart ny busetnad. Slik ser det ut på Stengsland i dag: Stengsland øydegard Svartedauden

Stengslandsgarden vart derimot teken i bruk som seter for gardane på Vinnes. På 1800-talet var her 5-6 utløer. Gardane på Vinnes hadde truleg kvar si løe, og det var gjerne hit dei gjekk og mjølka kyrne.

"Steinsland, nu Støl under Windenæs" skreiv amtsmann og stortingsrepresentant W.F.K. Christie då han i 1824 teikna bautasteinen som stod her. Steinen var 2 meter høg, og stod inne i ein ring av mindre steinar.
Bautastein Steinsland Vinnes

bottom kultursti vinnes