Storaheio

Utvikling av landskapet - grunnlag for busetnad

Strandlinja under istidaLandskapet ein ser frå Storaheio er for ein stor del forma av isbrear som har grave ut fjordar, skulpturert fjell og lagt etter seg eit dekke av stein, grus og leir (morene).

Spesielt for området er at då innlandsisen gjorde eit større framrykk mot slutten av siste istida, for vel 10 000 år sidan, vart iskanten liggande her over Vinnes nokre hundre år før han drog seg attende. Ved iskanten hopa det seg då opp store mengder leir. Desse lausmassane gav seinare gode vilkår for jordbruk.

Ei rekkje av grusryggar som høyrer til den såkalla "Ra-morena", syner kvar iskanten låg. Ra-morena kan følgjast like frå Sverige og langs det meste av Norskekysten. Ved hjelp av moreneryggane har ein kartlagt isfronten i Nordhordland-området og lokalt på Vinnes. På ekkolodd kan moreneryggen følgjast over fjorden til Os.

Nokre av dei beste fiskegrunnane utanfor Vinnes ligg på denne ryggen. Stadnamnet Leiro fortel kvar mykje av leirmassane frå brefronten hamna. Her gav det i perioden 1878-1923 grunnlag for teglverksdrift.

Toppen av Storaheio stakk opp som ein knaus i kanten av isbreen og sjøen nådde nesten hit opp for 10 000 år sidan. Då klimaet vart varmare, og isen smelta, heva landet seg raskt, så då dei første menneska kom hit eit par tusen år seinare, stod sjøen berre 10-20 m høgare enn no, og restane av den store breen låg langt inne i landet.

Sentral plassering

I Vinnesområdet er det registrert svært mange funn frå forhistorisk tid (steinalder - bronsealder - jarnalder). Ein av grunnane til dette er at det meste av ferdsla i eldre tid føregjekk sjøvegen, og dermed låg Vinnes svært sentralt i Bjørnafjord-området. Då det var rimeleg mykje lettdyrka jord og gode fiskeplassar i sjøen utanfor, var det også ein bra plass å slå seg til då omstreifande veidefolk etter kvart gjekk over til å bli meir bufaste, og husdyrhald og jordbruk vart viktigare enn jakt og fangst.

Funn frå steinalder

Veidefolk var nok innom Vinnes alt i eldre steinalder, men dette kjenner vi lite til. Det eldste funnet frå denne tida, ei øks funnen i Djupvik, er omlag 7000 år gammal. Utanom dette er det funne 12-15 andre steinøkser og ein del andre reiskapar av stein. Mykje av dette kjem frå ein buplass i Vetlehagen i Djupvik. Det som er funne er nok berre ein liten del av det som framleis ligg gjøymt i jorda rundt om i bygdene.

Minne frå bronse- og jarnalder

Hadde me sett ut over Vinnes frå Storaheio for 100 år sidan, ville me ha sett mange store gravrøyser og nokre bautasteinar, særleg i området langs "Molovegen". Den største gravrøysa, "Strutarøyso", var heile 30 meter i tverrmål og vel 3 meter høg. Ho var frå bronsealder. Det var i tillegg ca. 20 andre røyser av ulik form og storleik frå jarnalder - vikingtid. Før anlegga vart fjerna, må det ha vore eit landskap som vitna om menneskeleg aktivitet og religiøse førestellingar langt attende i tida. Ein del av minnesmerka var i ferd med å bli fjerna alt tidleg på 1800-talet, og der det var dyrkbar mark var det lite eller ingen ting att då lova om fornminnefreding kom i 1930-åra.

Endringar i landskapet i nyare tid

Jordbruksmetodar og busetnad har endra seg sterkt gjennom 1900-talet. Tidleg på 1900-talet var både bustader, fjøs og andre gardshus samla i tun, mest som små landsbyar. På Vinnes låg husa i Vinnestunet. Den dyrka jorda omkring var oppstykkja i småteigar med ulike eigarar. Dette høvde dårleg etter kvart som meir rasjonelle jordbruksmetodar fekk innpass. Det vart "utskifting" av innmarksområda på Vinnes ca. år 1900, og kvart bruk fekk då større samanhengande jordteigar. Folk flytta ut frå Vinnestunet og i staden for det gamle fellestunet voks det opp einskildtun for kvart gardsbruk rundt om i bygda.

Diverre har me ingen foto eller teikningar som viser heile det gamle Vinnestunet. Fotografiet under syner området omkring 1920. Legg merke til kor lite skog det var samanlikna med i dag! Ei årsak til dette var at folk brukte ved til oppvarming og matlaging, men i tillegg var all utmark nytta til beite for sau, geit og storfe, og dette gjorde at ungplanter av lauvtre hadde langt mindre sjanse til å veksa opp til skog enn i dag.Vinnes ca 1920

bottom kultursti vinnes