Vinnestunet

Før år 1900 budde bøndene på Vinnes saman i ei husgruppe, såkalla tun. Tunet var plassert i dette området. Slike tun var det også på Skote, på Dalland og i Djupvik. Alle dei seks hovudbruka på Vinnes hadde husa sine i Vinnestunet. Dei vanlegaste husa som høyrde til på ein gard på den tid var: røykstove, sengebu, fjøs, smalahus, skykkje, eldhus, stabbur, geithus, stall og smie. Det er vanskeleg å slå fast kor mange hus det har vore i Vinnestunet, men truleg har det vore godt over 30 hus. Tunet på Vinnes vart oppløyst under utskiftinga rundt år 1900, men området her vert framleis kalla "Tunet" på folkemunne.

Dette biletet er teke ca. år 1912 og viser Vinnestunet frå motsett side. Her ser me at dei fleste husa frå det gamle tunet er borte. Heilt til venstre er det einaste huset av dei seks hovudbruka som står att: Vinnes-tunet

Dette biletet er teke frå Storaheio, ein ås som ligg like ovanfor Tunet, truleg rundt same årstal som biletet over: Tunet på Vinnes

Dette biletet er teke i 2004. Husa som er ringa inn kan ein finna att på det gamle biletet over. Vinnestunet i dag

bottom kultursti vinnes