Vinnesholmen - ein husmannsplass

På garden Vinnes har det vore husmannsplass så tidleg som år 1658. Me veit ikkje kor langt attende i tid det har budd folk i Vinnesholmen. Dei første brukarane me kjenner til var Vigleik Olson frå Hjartnes og Kari Halvorsdotter frå Skåte. Dei feste holmen kring år 1800.

Vinnesholmen var felleseige mellom Vinnesgardane. Husmannsfamilien hadde ikkje mykje å brødfø seg på: "1 mål ring åker, 3 mål middels, 15 mål ringt england, fødde 3 naut og 8 sauer" heiter det i ei oppgåve frå 1866. Dei måtte difor driva med ymse attåtnæringar som handverk, fiske og sildesalting. I periodar arbeidde mennene på Vindenes teglverk i nærleiken. I tillegg hadde busmannen rett til sommarbeite på fastlandet for tokyr, og han kunne ta heim brake til brensel. På holmen var det knapt med anna enn rekved å finna. Møka vart bore i kipe. Turrhøyet vart óg teke heim på ryggen. Alt arbeidet måtte gjerast med handamakt. Plog og hest måtte ein klara seg utan.

Med jordlova i 1928 fekk husmennene rett til å løysa inn plassane sine. Lars Olsson Vindenes fekk skøyte på eigedommen i 1930. Dottera Elisa Vindenes var den siste brukaren, og ho testamenterte eigedomen til Fusa alders- og sjukeheim.

Stiftinga Vinnesholmen har i dag ansvaret for holmen. Stiftinga sette i 1991 i gang arbeidet med Prosjekt Vestkyst. Korttidsutleige er med på å skapa det økonomiske grunnlaget for utbetringsarbeida.

Kulturlandskapet på Vinnesholmen har sidan byrjinga av 1970-talet gradvis endra karakter. Biletet under gjev eit inntrykk av kor snau Vinnesholmen var for omlag 90 år sidan. Alt som ikkje var skarv og snaufjell vart nytta til beite eller slåtteland. Brukande åkerland var det lite av. Også i området kring Vinnessundet var det lite med tre og buskar samanlikna med det vi ser i dag. Utsikt til husmannsplassen på Vinnesholmen

bottom kultursti vinnes