Vinneskaien

Vinneskaien ligg i Vinnessundet på innsida av Vinnesholmen. Her kom dampen inn, her var post, butikk og sildesalteri. Framveksten av moderne samferdsle og handel la grunnlaget for oppbygginga av kaien og bygningane her nede. I 1866 vart "Bjørnens Dampskipsselskap" skipa. Dampbåtane gjekk i regulære ruter mellom bygd og by, og var sjølvsagt overlegne med omsyn til fart og lasteevne samanlikna med segl/årer eller hesterygg.

Posten

Eit viktig grunnlag for drift av dampbåtane var postgangen mellom bygdene. I 1890 tok Hans J. Vindenes initiativ til å starta med postopneri i Vinnessundet. Han rodde ut frå Vinnessundet og borda dampbåten ute på fjorden. På slutten av 1890-åra bygde han dampskipskaien. Med faste anløp av "dampen" vart sundet etablert som eit senter for handel og samferdsle. Lenge var det slik at postmannen ropte opp namnet til dei som fekk brev. Om det ikkje var post til alle, fekk dei likevel eit visst innsyn i kva som rørde seg i tida. Postopnaren tok ellers på seg brevskriving for dei som ikkje kunne skriva sjølve.

Kjøpelag

Bøndene hadde organisert seg i eit kjøpelag for felles innkjøp av kraftfor og andre varer som vart kjøpt inn i stort. Kjøpelaget flytta verksemda til dampskipskaien. Etter kvart vart kjøpelaget omgjort til eit handelslag. Såleis fekk kjøpmann Ratje ved teglverket på Leiro priskonkurranse. Sukker og mjøl vart vegd opp i sekker, og sirupen frå 50-liters eikefat. Butikken hadde ellers såkalla "assortert utval": kolonial, kraftfor, manufaktur, jernvarehandel, kjørel, lampeolje, drivstoff, mm.

Dampen, posten og butikken skapte eit yrande folkeliv nede på kaien, som på den tida var bygdesentrum. Det var mest trafikk i helgane - då var det også mykje byfolk her. For å letta transport av mjølkespanna var det óg planlagt å flytta meieriet frå Vinnestunet ned til kaien.

W. Vindenes Salteri

Den siste tilveksten til kaien var saltebua. Eit rikt sildefiske la grunnlag for sildesaltinga. Brorparten av silda vart eksportert. Sidan russarane hadde matmangel etter krigen, gjekk så mykje som 70 % av
produksjonen til Russland i dei gode sildeåra frå 1946 fram mot 1960. W. Vindenes hadde båtar som gjekk på sildafiske og såleis skaffa råstoff til saltebua. Storsildfisket på kysten varte frå nyåret til påske.
Kring jonsok salta dei på Nordland. Omlag 1000 tønner sild vart salta i året. Dette gav arbeid til 12-13 personar, som hadde denne saltinga som attåtnæring til gardsarbeid og anna. Sildesaltinga gav og
klingande mynt rundt omkring på gardane for dei som arbeidde tynner.

Frå dampskip til ferje

På femtitalet gjekk det attende med dampskipstrafikken. Det vart oppretta ferjesamband frå Hatvik til Fusa. Ferja tok 15 bilar, men mange meinte at det aldri ville verta noko større trafikk over fjorden.
Likevel - landevegen overtok, og aktiviteten på kaien vart stegvis lagt ned eller flytta opp til vegen ved Vinnestunet. Posten og handelslaget flytta, sildeperioden var over og bakeriet var for umoderne til at drifta var lønsam.

Bilete frå Vinneskaien:

Vinneskaien

bottom kultursti vinnes